Mat og matglede er medisin

Fagkokkane Ann-Kristin Aasen og Kristin Solset ved Førde sentralsjukehus legg siste hand på kaffimaten.

Mat har vore medisin i tusenvis av år. Det er på tide å ta opp att den gamle kunnskapen, meinte sjukehusdirektøren i Helse Førde då prosjektet Mat og menyutvikling feira seg sjølv i januar.

Tekst og foto: Marit Bendz, frilansjournalist

Hausten 2014 starta Matforsyning Helse Førde opp eit internt forbetringsprosjekt kalla Mat og menyutvikling. Avdelingssjef Torstein Solset er overtydd om at sunn og god mat gjev auka velvære, og kan vere med på å gjere pasientane friskare raskare.

Friskare raskare

– Mat og måltid er ein vesentleg del av den omsorga pasientane i Helse Førde skal ha, seier han til Kjøkkenskriveren. Difor kalla han inn til ei oppsummering på Førde Sentralsjukehus.

Det er mykje god helse i matglede og islandsk plukkfisksalat.
Det er mykje god helse i matglede og islandsk plukkfisksalat.

Det er her direktør Jon Bolstad i Helse Førde siterer Hippokrates: Lat maten vere medisinen din, og medisinen maten din. Han har ein noko uortodoks tale på markeringa av mat på ein høgteknologisk sjukehus.

– Gul lauk. Kvitlauk. Tyttebær! Dei myglar aldri. Kvifor ikkje? Tyttebær er fantastisk mot urinvegsinfeksjon, tyttebærsaft skyl ut bakteriane. Den gamle kunnskapen om mat som medisin har mest forsvunne, no må den inn att, seier Bolstad.

Kortreist

I dag står sosekjøt på menyen. Hovudingrediensen kjem frå slakteriet i Førde. Bruken av lokalproduserte og økologiske råvarer er aukande, og Helse Førde ligg no på over 13 prosent økologisk del av det totale matinnkjøpet sitt.

– Styresmaktene krev 15 prosent innan 2020, så her ligg vi godt an, seier Solset.

Ei brukarundersøking av mattilbodet i Helse Førde i 2015 syner at 88 prosent av pasientane er nøgde med det dei har fått servert. Tilbakemeldingane frå pasientane var at dei ynskte meir variasjon, fleire brødsortar og meir friske grønsaker og salatar. Ei ny undersøking skal gjennomførast i år.

Felles inspirasjon

Kjøkensjef Elin Haugen fortel at alle kokkane i Helse Førde har slått hovuda sine saman og funne fram gode, gamle oppskrifter som det let seg gjere å lage store porsjonar av. Menybanken veks stadig, og inneheld no kring 25 lunsjrettar og nærare 40 middagsrettar. Dei vert brukt både på produksjonskjøkenet og dei lokale kjøkena, tilpassa årstider og lokale matrettar og råvarer. Samstundes som ein tek vare på det tradisjonelle, gode og trygge, vert det satsa på moderne og trendy mat, som kebab.

– Pasientane får meir variert mat ved at vi har slike kokkesamlingar. Mange kokkar kjem med framlegg og vi byter ut menyen, fortel Haugen.

Mange restaurantkokkar søker seg over til institusjonar når dei får familie. Dei tidlegare restaurantkokkane har gjort miljøet på kjøkenet rikare og maten betre, det er Haugen overtydd om.

Samarbeid

Prosjektet omfattar Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn psykiatrisenter og psykiatrisk klinikk avdeling Tronvik. Helse Førde har eit nært samarbeid med Njøs forskingsstasjon. Saman har ein utvikla nye økologiske eple- og plommesortar, som vert produsert i Balestrand. Ein annan viktig samarbeidspartnar er Nortura. Kjedesjef Johnny Hundershagen i Nortura Proff seier at dei vil bruke dette prosjektet vidare overfor andre helseføretak. Grunnesteinen er lagt her.

Heimmat og Møtemat

Men det er ikkje berre pasientane som nyt godt av god og variert mat. Heimmat er eit tilbod til personalet og andre, slik at dei på travle dagar kan kjøpe med seg heim til dømes ein vakuumpakka porsjon sosekjøt med fruktkompott til dessert. Denne ordninga har vorte ein suksess, og selde for ein million kroner i 2015. Alle tilsette kan også sjølvsagt kjøpe seg lunsj og middag i den store kantina på sjukehuset.

I tillegg er eit nytt tilbod på trappene; Møtemat. Her vil alle avdelingar som treng møtemat kunne tinge på heimesida til Helse Førde.

Avdelingssjef Torstein Solset fortel om suksessen Heimmat. Travle tilsette kan kjøpe med seg middag heim.
Avdelingssjef Torstein Solset fortel om suksessen Heimmat. Travle tilsette kan kjøpe med seg middag heim.

–  I framtida vil det også gjelde eksterne brukarar som legg møte og konferansar til ein av institusjonane i Helse Førde og som ønskjer matservering, fortel Solset.

Matglede 

På pasientkafeen i 8. etasje er det alltid mat å få i tillegg til middagen, som vert servert til faste tider. Matlysta er ikkje alltid så stor når ein er sjuk, men det hjelper på å bestemme sjølv når ein vil ete, kor mykje ein vil ete, og dele måltidet med andre i ein triveleg kafé.

I dag feirar begge dei to pasientkafeane med marsipankake, til stor glede for dei som er innom, både pasientar og pårørande.

– Maten her er topp, seier Hans Inge Breivold. Det er berre å gje eit vink, så får du mat. MEN! Eg har fleire gonger spurt om å få ein konjakk, men då får eg nei…

Hans Inge Breivold nyt marsipankake, sjøl om matlysta ikkje er på topp.
Hans Inge Breivold nyt marsipankake, sjøl om matlysta ikkje er på topp.

Han er ein av dei som slit litt med matlysta, men som kosar seg med måltida på Sentralsjukehuset. Marsipankaka smakar himmelsk. God mat hjelper på humøret også.

– Men eg må smørje brødskiva mi sjølv her, det slepp eg heime, humrar han og gløttar bort på kona.

INGEN KOMMENTARER

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR